Nokre ord
frå fagfolka
Utviklinga av Klukkargrende er eit lagarbeid
Spanande ting skjer når gode idear og dyktige fagfolk finn kvarandre. Klukkargrende er eit resultat av nettopp dette; Lokale eldsjeler med eit ynskje om å skape noko, som i samarbeid med dyktige fagfolk og stødige entreprenørar tek ein stor idé frå hovudet, via papiret og ut i landskapet. Her finn du ein presentasjon av våre viktigaste samarbeidspartnarar.

Taktil arkitekter
Vi er eit Oslobasert arkitektkontor med prosjekt i heile Noreg. Taktil består for tida av Marius Waagaard (arkitekt mnal & valdris), Marte Tafjord Langeggen (master i arkitektur & oslojente) og Torbjørn Tryti (dagleg leiar, arkitekt mnal og hyttevaldris).
Arkitektur skal ha varige kvalitetar, tåle bruk, eldast og patinerast med verdigheit og ta omsyn til tradisjonar, omgjevnader og miljø. Vi legg særleg vekt på stadstilpassa arkitektur, og det å utvikle gode hus og omgjevnader for folk. Vi vil at arkitekturen skal kommunisere med heile sanseapparatet, den skal vera både behageleg og utfordrande på same tid. Materiala sin eigenart skal dyrkast og bidra til ein taktil arkitektur som både kan sjåast og følast.
Klukkargrende er eit særskilt spanande prosjekt i skjæringspunktet mellom kulturlandskap og fjellheim, modernitet og tradisjon, det unike og felleskapet. Overordna er ideen å lage åtte unike bustader som med eitt felles formspråk og uttrykk tilpassar seg landskap, tomt og bebuarar unikt i kvart tilfelle – tilpassa kvar einskild, og i tillegg med fellesfunksjonar og arenaer for samvær og aktivitet ut over kvar eining.
Les meir på taktil.no

Vang Bygg
Hovudentreprenør for bygging av bustadene i Klukkargrende blir Vang Bygg AS. John Myhre starta verksemda i 1983, og firmaet har i løpet av sine snart 40 leveår befesta posisjonen som ein av regionens mest velrennomerte og erfarne entreprenørar. I tett samspel med arkitektane og dyktige underleverandørar skal John og den 10 mann store gjengen hans bidra til at ideen om Klukkargrende blir realisert i praksis.
– Dette er eit nytenkande prosjekt, med spanande utforming og einsarta stil. Eg trur det blir rift om husa, og at dette blir eit viktig bidrag for tilflytting og tilbakeflytting til bygda vår, seier John i ein kommentar.
Han ser i tillegg potensialet for at prosjektet kan gje grunnlag for knoppskyting og gjentaking av liknande prosjekt andre stader i Vang eller Valdres.
– Denne måten å utvikle bustader på er nyskapande her i området, så dette var eit prosjekt vi veldig gjerne ville vera med på, avsluttar John.
Les meir på vangbygg.no

Advokatene i Valdres
Oppgjersmeklar for sal av bustader i Klukkargrende er Advokatene i Valdres AS. Selskapet har eksistert sidan 2003, og er eit kontorfellesskap med tre advokatar, to advokatfullmektigar og ein sekretær, fordelt på Advokatfirmaet Pål Nissen Granlund AS og Advokatfirmaet Dahle AS.
– Vi er eit kontorfellesskap med god lokalkunnskap, og kjenner både Valdres og kundane våre godt. Vi jobbar mykje med eigedomsmekling, både vanleg mekling og oppgjersoppdrag – der kjøpar og seljar finn kvarandre, og treng bistand til det formelle, slik som vi gjer for utbyggjarane i Klukkargrende, fortel advokat Øyvind Dahle.
Advokatene i Valdres bistår også på andre juridiske fagfelt, og betjener i tillegg til kjerneområdet i Valdres også kundar i Innlandet for øvrig, Indre Sogn, Hallingdal og Osloområdet.
Les meir på aivas.no