Velkomen til fjells Velkomen til fjells Velkomen til fjells
Velkomen til fjells Velkomen til fjells Velkomen til fjells
La det spire
Fellesareal med parsellhager

Fellesareal med plass til å dyrke ulike interesser

Klukkargrende ligg i eit naturskjønt område med mange kvalitetar som skal takast vare på. Vi ynskjer at Klukkargrende skal vera eit levande område, kor det er rom for leik og moro, og plass til å dyrke ulike interesser – som f.eks. dyrking av eigne grønnsaker. Vi meiner det er viktig å legge til rette for at området skal vera ein aktiv del av kulturlandskapet det befinn seg i.

Image
Dronefoto av området med planlagte fellesareal innteikna.

Fellesareal

Kva er planlagt på dei ulike fellesareala?





Lyrjebekken

I øvre del av dette området er det avsett plass til eit leikeareal. I nedre del mot Lyrjebekken er det friområde kor det er mogleg å etablere lette installasjonar som kan fremje bruk og aktivitet langs bekken.

Gøta

Ei gamal steingøte, som frå gamalt av gjekk frå Bøe-gardane og oppover i lia, deler området i to. Gøta er ikkje eit freda kulturminne, men vi ynskjer likevel å restaurere og ta vare på den for framtida.


Hageland

Midt i Klukkargrende er det eit område med dyrka mark, som vil bli organisert som dyrkeområde til disposisjon for dei som bur i Klukkargrende. På dette området kan det også etablerast andre fellesfunksjonar, som t.d. felles lager/reiskapshus.

Berget

Dette er eit friareal som er etablert for å sikre at vegtasjonen på det høgste punktet blir særskilt ivareteke, og at dette blir eit ope friområde mellom husa på dei øverste tomtene.


Image
Utsyn mot Grindane. Dyrkingsareal og gøta er synleg midt i bildet.


Hageland 2
Utsyn mot Grindane og solbæråkeren på nabogarden.


Dyrkingsareal

Bebuarane i Klukkargrende disponerer 0,9 daa dyrka mark, som blir organisert som parsellhagar for bebuarane.



Hageland
Parsellhagane blir anlagt i dette området.