Moderne hus i samspel med naturen
I Klukkargrende skal det byggast totalt 8 arkitektteikna bustader med felles formspråk og materialbruk, i ulike storleikar og med fleksible fasilitetar. Husa skal byggjast med naturlege og i størst mogleg grad stuttreiste råvarer, og utformast slik at dei tilpassar seg naturen dei står i – med minst mogleg bearbeiding av terrenget.

Einebustad eller småhus?
Vi meiner at eit variert nabolag er det beste nabolaget – og difor utviklar vi ulike hus tilpassa ulike målgrupper med forskjellige behov. For deg som treng mykje plass planlegg vi romslege einebustader på 130-180 m², og for deg som føretrekk noko enklare lagar vi stilige og arealeffektive småhus på 60-90 m². Båe hustypane vil ha rom for fleksible tilpasningar, slik at det ferdige huset kan bli akkurat passe stort for deg og dine behov.
Maksimalt utsyn – minimalt innsyn
Same kvar du bur i Klukkargrende har du fantastisk utsyn til Vangsmjøse og fjella rundt deg, utan at huset til naboen står i vegen. Plassering av alle hus blir nøye planlagt for å sikre maksimalt utsyn og minimalt innsyn, og vegetasjonen i området blir skåna for å skjerme mellom tomtene og husa – men utan at det går på bekostning av utsynet. Du kan lese meir om området og tomtene på denne sida. Som innbyggjar i Klukkargrende har du også tilgang til ulike fellesareal med bl.a. leikeareal og parsellhagar for dyrking.

Frå konsept til prospekt
Konseptskissene på denne sida er laga for å gje eit inntrykk av korleis husa og livet i Klukkargrende kan bli. Arbeidet med å detaljprosjektere bustadene i Klukkargrende er påbegynt, og forventa ferdigstilt hausten 2021. Les meir om prosessen her. Send oss ei melding dersom du ynskjer å få prospekt og prisar tilsendt, så får du det så snart det er klart.
Dersom du ynskjer å sikre deg draumetomta i Klukkargrende allereie no så er du velkomen til å ta kontakt for befaring og nærmare informasjon om kva vi kan tilby. Dersom du melder interesse tidleg i prosessen vil du også få tilbod om medverknad i teikne- og prosjekteringsprosessen.

Fysen på å sjå meir?
Kontakt oss for å avtale ein nærmare presentasjon, fysisk eller digitalt – alt etter kva som høver best for deg.
