Ta med deg jobben til fjells
Om du er så heldig å kunne ta med deg jobben til fjells og ynskjer å dele kontorfasilitetar med andre fjellfolk, så er du velkomen til å bli ein del av eitt av bygdas to kontorfellesskap; Synshagen Næringspark eller Kontorfelleskapet 1724. Begge ligg ein kort sykkel- eller biltur frå Klukkargrende.

Start di eiga bedrift i godt selskap
Går du med ein forretningsidé i magen? Vang kan vera ein god plass å teste den – med fleksible kontortilbod for nystarta bedrifter, eit godt støtteapparat til næringsutvikling, og ikkje minst mange likesinna gründerspirer som du kan dele både idear, utfordringar, oppturar og nedturar med.
Kontaktpersonar
Starte for deg sjølv, eller nyfiken på eksisterande jobbmoglegheiter?

Dag Inge Bruflot
Dag Inge er næringsutviklar i Innovangsjon, og mannen å snakke med dersom du er nyfiken på å flytte eksisterande, eller etablere ny, verksemd i Vang.
