Velkomen til fjells Velkomen til fjells Velkomen til fjells
Velkomen til fjells Velkomen til fjells Velkomen til fjells
Området
Tett på kulturlandskapet

Velkomen til Klukkargrende

Klukkargrende er eit nytt bustadområde ved Vang sentrum, som i løpet av dei neste åra skal utviklast med 8 nøkkelferdige bustader for fjellfolk som ynskjer seg moderne husvære tett på naturen. Prosjektet blir utvikla av to småbarnsfamiliar som sjølve skal busetje seg i området, i tett samarbeid med dyktige fagfolk i Taktil Arkitekter og Vang Bygg.

Image
Utsyn mot Grindane frå Tomt 1

Tett på kulturlandskapet

Klukkargrende bustadområde ligg på ein sørvestvendt kolle midt i kulturlandskapet i fjellbygda Vang – med storslått utsyn og bygdas beste soltilhøve.

18 mål - 8 tomter

Klukkargrende dekkar eit område på totalt 18 mål, kor det er sett av plass til 8 tomter av ulik storleik, samt fellesareal til m.a. parsellhagar, leikeplass og øvrig teknisk infrastruktur. Om du ynskjer å gjere deg betre kjent med plankart og reguleringsføresegner har vi samla eit knippe relevante dokument på denne sida som du kan kose deg med.

Image
Dronefoto av området med tomteoversikt. Klukkargardsvegen til venstre i biletet.

Skånsom utbygging

Utbygginga av Klukkargrende skal gjerast med minst mogleg naturinngrep, for å ta vare på dei unike kvalitetane som finst i området. Den eksisterande vegetasjonen i området skal skjøttast og ivaretakast i størst mogleg grad, for å minimere landskapsverknaden av utbygginga – og for å sikre at vi som bur der får den perfekte miksen av privatliv og storslått utsyn.

Image Title
Utsyn over Vangsmjøse frå tomt 5.



Image Title
Dronefoto av utbyggingsområdet.



Image Title
Utsyn frå tomt 1 slik det ser ut i dag.



Fysen på å sjå meir?

Ta gjerne kontakt med oss for å avtale ein nærmare kikk på Klukkargrende.