Fem steg på vegen frå idé til ferdige hus
Steg 1 Ferdig
Planprogram
Ferdigstilt og vedteke i 2019
Planprogram for Klukkargrende vart utarbeidd våren 2019, og vedteke av Vang kommunestyre på seinhausten same år. Dette la grunnlaget for detaljregulering av området.
Steg 2 Ferdig
Detaljregulering
Ferdigstilt og vedteke i 2020
Detaljregulering med konsekvensutgreiing og ROS-analyse vart utarbeidd våren 2020, og vedteke av Vang kommunestyre i oktober 2020. Dei vedtekne plandokumenta kan du finne på denne sida.
Steg 3 Ferdig
Prosjektering
Planlagt ferdigstilt hausten 2021
I skrivande stund pågår arbeidet med prosjektering av bustadene i Klukkargrende. Resultatet av dette arbeidet vil vera ferdige teikningar og prisar på husa. Arbeidet er planlagt ferdigstilt hausten 2021.
Parallelt med dette lanserer vi Klukkargrende i marknaden for å koma i kontakt med aktuelle kjøparar, som får høve til å ta del, og påverke, i prosjekteringsfasen om dei ynskjer det.
Steg 4 Ferdig
Byggestart
Oppstart haust 2021 – vår 2022
Førebuande grunnarbeid for infrastruktur blir påbyrja hausten 2021 eller våren 2022, avhengig av kor fort prosjekteringsarbeidet blir sluttført. Byggestart for fyrste byggetrinn er planlagt tidleg haust 2022.
Steg 5 Pågår
Velkomen til gards
2023-2024 (Byggetrinn 1)
Det fyrste huset stod innflyttingsklart i Klukkargrende hausten 2023, og no er vi klare for å bygge fleire.